Tilbake til hovudsida Kunstnarane Trykk her for meir informasjon om korleis du kan kontakte oss!
Hovudside | Kunstnarane | Program | Seljord

Gå tilbake til hovudsida Velkomsthelsing frå Borgny Tøfte Go to the English part of this website Les nærare presentasjon av kvar kunstnar Kulturprogrammet i samband med Sommarutstillinga 2007 Les meir om Seljord

Velkommen!


Skrive av: Seljord Kunstforening
Sist oppdatert: 19. jan 2005


Seljord kunstforening er ein friviljug organisajon som er tilslutta Norske kunstforeninger. Seljord kunstforening blei skipa i 1968, og har som formål å spreie kjennskap til nyare kunst, blant anna ved å arrangere utstillingar. Men det å styrke og ta vare på den lokale kulturen er også eit arbeidsområde for oss.

Kunstforeninga har ei stor kunstsamling - for tida er det meste utlånt til kommunale bygg; men også private leiger bilde av oss. 

Det viktigaste årlege arrangementet er den store sommarutstillinga i Kunstlåven , midt Seljord sentrum.

Medlemskap

Det kostar 150 kr å vere medlem. Då går du gratis på sommarutstillinga, deltar i medlemslotteri og får 10% rabatt på kjøp av kunst.  Vi har medlemmer frå langt utanfor Telemark!  Kontakt oss på se-kuns@online.no om du vil bli medlem!

Opningstidene i år er alle dagar frå 12.00 - 18.00.


For meir informasjon om Sommarutstillinga og Seljord generelt, ver grei å ringe turistinformasjonen på telefon 35 06 59 88 eller send ein epost på info@seljordportalen.no

Du kan òg ringe kunstlåven nr 350 50 355, eller send eit e-brev til se-kuns@online.no

Takk til kunstnarane for lov til å vise bilete av kunstverka deira på heimesida vår! Spørsmål kan rettast til Seljord kunstforening