Logo Seljord Kunstforening

Velkomen til Seljord Kunstforening!

Møt det engasjerte styret vårt:

  • Styreleiar: Ola Mo
  • Nestleiar: Knut Skrede Østevik
  • Styremedlemmar: Ane Victoria Linde, Ola Snippen og Dag Aanderaa

Vi er her for å inspirere og engasjere deg i kunstens verden. Utforsk våre utstillingar og arrangement, og ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål eller ønskjer å bli involvert.

Velkomne til vårt kunstfellesskap!

Velkommen som medlem

Kjære medlem i Seljord Kunstforeining,
Vi oppdaterer no medlemsregisteret vårt og tek i bruk StyreWeb, eit nytt system som blir nytta av kunstforeiningar over heile landet.
Målet er å få eit tryggare og enklare system for medlemskap, betaling og informasjon frå oss.
I samband med dette kan du i løpet av dei neste vekene få ein e-post frå StyreWeb på vegner av Seljord Kunstforeining.
Der vil du bli bedt om å bekrefte eller oppdatere kontaktinformasjonen din.
Alt du treng å gjere er å følgje lenkja i e-posten – det tek berre nokre minutt.
Dette er ein trygg prosess, og e-posten kjem frå ein offisiell avsendar (@styreweb.com).
Takk for at du er medlem og støttar arbeidet vårt!
Har du spørsmål kan du  kontakte oss på post@seljordkunst.no.
Om du ikkje ønskjer å halde fram som medlem, kan du sende oss ein e-post.
Er du usikker på om du har betalt kontingent for 2025, er det òg berre å sende oss ein e-post, så sjekkar vi det for deg.

Sommarutstillinga 2026

Me er godt i gang med planlegging av sommarutstillinga for neste år! Meir informasjon kjem.

Våre samarbeidspartnarar gjer det mogleg for oss å arrangere sommarutstillingar på kunstlåven i Seljord. Uten denne støtta hadde ikkje vi kunna drive kunstlaget slik vi gjer i dag. Vi set stor pris på støtta.

Ledig Sommarjobb: Sommervert på Kunstlåven i juli.

Ønskjer du å tilbringe sommaren i ein kreativ og inspirerande atmosfære? Då kan du vere ein av dei vi leiter etter! Me søkjer engasjerte og vennlege personar som kan vere verter for sommarutstillinga. Jobben består i å selje billettar til kunstutstillinga, i tillegg til å utføre ei rekkje oppgåver som opning og stenging av lokalane, drift av galleributikken og servering av enkle kafévarer. Utstillinga er heile juli, mondag til sundag, frå kl. 11-18.

 

Om Jobben:

Som ein del av vårt team vil du ha moglegheita til å møte kunstinteresserte menneske og vere vert for ein av sommarens mest spennande kunsthendingar. Din rolle vil inkludere:

Billettutsal:

Handtere billettsal og ønske gjester velkomen med eit smil.

Drift av Galleributikken:

Hjelpe besøkande med å finne kunstverk dei vil ta med seg heim, og behandle salgstransaksjonar.

Servering av Kafévarer:

Tilberede og servere enkle kafévarer til besøkande.

Informere om Utstillingen:

Vere kunnskapsrik om kunstnarane og verkene som visast, og kunne svare på spørsmål frå besøkande.

Kvalifikasjonar:

Me søkjer imøtekommande og hyggelege personar som:

– Har gode kommunikasjonsevner og trivst med å samhandle med menneske.
– Er påliteleg, ansvarsbevisst og kan jobbe sjølvstendig.
– Har interesse for kunst og kultur, sjølv om ingen spesifikk erfaring krevst.
– Er tilgjengeleg i sommarmånadene, inkludert helger og kveldar ved behov.

Korleis Søke:

Send din søknad og CV til post@seljordkunst.no innan 1. juni. Ver venleg å inkludere ein kort beskriving av kvifor du er interessert i denne stillinga og korleis dine ferdigheiter og erfaringar passar til jobben.

Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt!

Me ser fram til å høyre frå deg og ynskjer deg lukke til med søknaden!