Sommarutstillinga 2025
Velkomen til Kunstlåven og Sommarutstillinga 2025
Opningstider: kvar dag i juli kl. 11:00–17:00
Seljord Kunstforening inviterer til ei innhaldsrik sommarutstilling på Kunstlåven sommaren 2025.
Hovudutstilling: Norske Kunsthåndverkere 50 år
Årets hovudutstilling er eit samarbeid med Norske Kunsthåndverkere Region Sør, som i år feirar sitt 50-årsjubileum.
Utstillinga er kuratert av styret i NK Sør-Norge – Linn Obrestad, Katrine Bragdø, Siri Berquam og Rita Lysebo Egren – og viser verk av ti kunstnarar frå regionen. Deltakarane er valde ut etter open utlysning og representerer eit breitt spenn i uttrykk, fagfelt, alder og geografisk tilknyting innan Vestfold, Telemark og Agder.
Målet er å trekkje linjer mellom det materialbaserte kunsthandverket og tradisjonelt handverk som har prega regionen gjennom fem tiår.
Deltakande kunstnarar:
Regien Cox, Brita Been, Hilde Iren Dølheim, Tuva Gonsholt, Irene Haslum, Vilde Eskedal, Elisabeth von Krogh, Barbro Hernes, Arnfinn Strand og Sverre Tveito Holmen.
Minneutstilling: Knut Flatin
I år ville Seljordskunstnaren Knut Flatin fylt 80 år den 7. juli. Vi heidrar hans kunstnarliv med ei retrospektiv utstilling som viser arbeid frå heile karrieren – inkludert fleire verk som aldri tidlegare har vore viste for publikum.
Utstillinga er eit samarbeid mellom Seljord Kunstforening og familien Flatin. Store delar av utstillinga er for sal, og det vil òg bli seld grafikk i galleributikken.
Temautstilling: Korgtradisjonar i Noreg
I samarbeid med Seljord Husflidslag viser vi ei utstilling basert på arbeidet til Hege Aasdal, handverksstipendiat ved Norsk Håndverksinstitutt. Her får du sjå korghandverk frå heile landet – i eit mangfald av materialar og teknikkar.
Galleributikk
I år er det Borghild Telnes som er kurator for Kunstlåven sin galleributikk. Her finn du eit rikt utval av kunsthandverk og lokalt handverk – frå keramikk, glas og trearbeid til smykke, tekstil og biletkunst.
Butikken bugnar av vakre bruksgjenstandar, småskulpturar, grafikk, bøker og unike gåver – noko for både auge, sinn og heim.
Kafé på Kunstlåven
Kunstlåven har ein liten og triveleg kafé der du kan nyte eit godt måltid i vakre omgjevnader. Her får du servert romegraut og vaflar, saman med eit utval drikkevarer – inkludert vin og lokalt øl frå Flatdal.
Kafeen er open kvar dag i juli kl. 11:00–17:00, og held også ope under arrangement utanom ordinær opningstid.
Konsert på Kunstlåven – Runar Kjeldsberg
Virtuos gitarmusikk i sommarkvelden
Dato: Mandag 7. juli
Tid: Kl. 18:00
Stad: Kunstlåven
Inngang: kr 150,-
Opplev ein stemningsfull konsert med den anerkjende gitaristen Runar Kjeldsberg, som spelar verk av Segovia, Barrios, Fernando Sor og Rossini.
Billettar kan kjøpast i døra eller på Kunstlåven kvar dag fram til konserten. Første mann til mølla – det er avgrensa plass!
Inkludert i billetten er òg inngang til:
– Minneutstilling for Knut Flatin
– Hovudutstilling med 10 kunsthandverkarar
– Korgutstilling i samarbeid med Seljord Husflidslag
Det blir lett servering, samt kafé med vin og lokalt øl.
100-årsmarkering for Sigurd Telnes
Dato: Søndag 27. juli
Tid: Kl. 18:00
Stad: Kunstlåven og uteområdet
Inngang: kr 250,- (inkl. enkel servering)
27. juli 2025 er det 100 år sidan Sigurd Telnes vart fødd.
Seljord Kunstforening markerer dette med ein minnekveld i Kunstlåven – til ære for ein sentral person i foreininga si historie.
Sigurd Telnes var ein av initiativtakarane då Seljord Kunstforening vart stifta, saman med brørne Terje og Erlend Grøstad og Seljord husmorlag. Han var foreininga sin første leiar, og sat i vervet i 17 år. Telnes har ein stor del av æra for at foreininga fekk ein sterk posisjon både lokalt og regionalt.
Programinnslag ved:
Knut Buen, Reidun Øverland, Ragnar Haugstøl, Knut Espeli, Magnhild Garnås Haugen, Vidar Ytre-Arne, Peter Fjågesund m.fl.
Programleiar: Jon Svartdal
Trekking av sommarutstillinga sitt kunstlotteri vil også finne stad under arrangementet.
Det blir servert enkel mat og drikke – velkomen til ei minnerik og stemningsfull markering!