Velkomen til Kunstlåven

Praktisk informasjon

Opningstider

Kunstlåven er open kvar dag i juli kl. 11–17.

Billettar

Billettar kjøper du i resepsjonen når du kjem.

Billettprisar:

Barn og ungdom 0–18 år: gratis
Unge vaksne 18–25 år: 100 kr
Kunstnar: 100 kr
Vaksen: 150 kr

Medlem har gratis inngang for seg sjølve og ein ven. Du kan melde deg inn her.

Gjennom ordninga Kunstreise Seljord kan inngangsbilletten også nyttast same dag på Nutheim Kunstsenter og Eva Bull Holtes Museum.

Mat og drikke

I Kunstlåven har vi ein liten kafé med enkel servering. Her kan du nyte ein kopp kaffi og noko å bite i, anten inne i låven eller ute i finvêret.

Toalett

I første etasje har vi HC-toalett og stellebord.

Parkering

Det er god plass til parkering utanfor låven. Dersom parkeringa er full, er det mogleg å parkere ved skulen rett ved sida av.

Tilkomst og spesielle behov

Kunstlåven er ein gamal låve med ujamne golv, trapper og varierande takhøgd. Det er difor vanskeleg å universelt utforme bygget fullt ut.

Har du behov for tilrettelegging, brukar rullestol eller har vanskar med trapper, kan du gjerne ta kontakt med oss på førehand. Då prøver vi å finne ei god løysing saman.

Om nærområdet

Ynskjer du frisk luft før eller etter besøket, anbefaler vi ein tur innom Seljord Hage, som ligg rett ved Kunstlåven. Der kan du oppleve eit mangfald av blomar og planter i ein open felleshage.

Ynskjer du å leige lokaler i Kunstlåven?

Kunstlåven eignar seg godt til mange ulike arrangement – frå møte, kurs og mindre samlingar til selskap, konsertar og kulturarrangement.

Når du leiger Kunstlåven, leiger du alltid kaféområdet i første etasje. Dette kan nyttast åleine, eller kombinerast med eitt eller fleire av dei andre areala i bygget, alt etter behov og type arrangement.

Bygget har fleire rom med ulik storleik og karakter, og vi hjelper gjerne med å finne ei praktisk løysing som passar arrangementet ditt.

Ta kontakt for meir informasjon om moglegheiter, kapasitet og praktiske løysingar.

Kontakt: post@seljordkunst.no

Planteikningar for heile låven, utan mål. Trykk på biletet for å sjå det større.