Velkomen til Sommarutstillinga 2026
Ope kvar dag i juli frå kl 11–17.
Naturen i oss
Årets sommarutstilling, «Naturen i oss», er mellom anna eit samarbeid mellom Seljord Kunstforening og Billedkunstnerne i Telemark (BIT). BIT har gjennomført ein open call for medlemmene sine, og eit kunstnarleg råd oppnemnt av BIT har stått for utveljinga.
Utstillinga samlar 13 kunstnarar og viser eit breitt spenn av uttrykk, teknikkar og kunstnarlege tilnærmingar – frå måleri, grafikk og tekstil til foto, video, skulptur og installasjon.
Med tittelen «Naturen i oss» opnar utstillinga for ulike refleksjonar kring forholdet mellom menneske, landskap, kropp, minne og omgjevnader. Kva ber vi med oss av naturen, og korleis formar naturen måten vi ser, sansar og lever på?
Saman gir utstillinga eit mangfaldig bilete av samtidskunst med røter i Telemark, med både etablerte kunstnarskap, nyare praksisar og kunstnarlege samarbeid.
Arne Svalastoga
Hilde Dølheim & Stine Gonsholt
Mona Grini
Sigvei Ringvold
Meta Norheim
Marilyn Ann Owens
Årets utstillarar:
Anne Stabell
Vebjørn Guttormsgaard
Ellen Henriette Surhke & Hilde Skevik
Phillip Dommen & Torhild Grøstad
Mellom himmel og halm
I 3. etasje har vi også i år eit samarbeid med Seljord Husflidslag. I utstillinga Mellom himmel og halm møter publikum halmarbeid, himmeli, hengande konstruksjonar og kunstobjekt av Mari Bryhni og Gjertrud Hals.
Utstillinga tek utgangspunkt i halm, halmkroner og gamle handverkstradisjonar. Eit viktig referansepunkt er Hovlandkruna frå Hjartdal, ei halmkrune som er tidfest til mellom 1660 og 1700. Den originale kruna er eigd av Telemark Museum og er i dag for skjør til å vere i aktiv bruk. Hausten 2025 laga husflidshandverkar Mari Bryhni ei ny krune med inspirasjon frå den gamle. Det er denne nye kruna Seljord Husflidslag har fått låne til utstillinga i Kunstlåven.
Mari Bryhni viser fleire nylaga halmkroner og himmeli, både med utgangspunkt i tradisjonelle teknikkar og i meir samtidige uttrykk. Gjertrud Hals viser hengande former og trådarbeid i ulike materiale, der teknikkar som vikling, binding og konstruksjon skaper samband mellom handverk, rom og kunst.
Utstillinga viser eit stort spenn av uttrykk med røter i ein gamal handverksteknikk.
Gjertrud Hals
Gjertrud Hals (f. 1948) er biletkunstnar frå Finnøy i Romsdal. Ho arbeider med fiber, tråd, papir, metall og tredimensjonale former, og har stilt ut internasjonalt gjennom fleire tiår. Våren 2026 vart ho vald ut som ein av finalistane til den internasjonale Loewe Craft Prize.
Mari Bryhni
Mari Bryhni (f. 1953) er husflidshandverkar frå Løten. Ho har arbeidd med halm sidan 1975 og har særleg fordjupa seg i tradisjonen med halmkroner og halmsløyd. Ho held kurs for husflidslag rundt om i landet.
Kafé
I kafeen på Kunstlåven kan du ta ein liten pause frå utstillingane og slå deg ned med noko godt i koppen. Her serverer vi vanleg kaffi, forfriskande iskaffi og vaflar – og utvalet vil variere gjennom sommaren. Finn deg ein plass inne i låven, mellom kunst og gamle tømmerveggar, eller ta med kaffien ut og nyt sommardagen i sola. Kafeen er ein fin stad å lande litt, prate om det du har sett, og nyte stemninga på Kunstlåven.
Galleributikk
I galleributikken finn du eit kuratert utval av kunsthandverk, grafikk og meir av kunstnarar og handverkarar frå fjernt og nært:
Linnea Bang-Madsen, Telespinn, Ingrid Holmboe Høibo, Else Ljungström, Berit Kowalski, Gry Marie Grindbakken, Bente Brekke, Henrik Rasmussen, Hanne Haukom, Kaisa Waldenstrøm Breiland, Live Skat Nilsen, Inger Johanne Bronken, Mascha Burgerhoudt, Jeppe Garly, Rut Fjågesund, Irene Haslum, Borghild Telnes, Ola G. Snippen og Mari Bryhni.