Velkomen som medlem

Som medlem i Seljord Kunstforeining får du invitasjonar til utstillingsopningar og andre arrangement i Kunstlåven.

Du får gratis inngang til utstillingane våre for deg sjølv og éin gjest.

Samtidig støttar du ei aktiv og levande kunstforeining – og gjer eit viktig verdival.

Seljord Kunstforeining arbeider for ideelle mål til beste for kunst- og kulturinteresserte i distriktet. Som andre frivillige organisasjonar er vi ein del av grunnmuren i demokratiet og velferdssamfunnet.

Årskontingenten for kalenderåret 2026 er på 350 kroner per person.

Alle kan bli medlem i Seljord Kunstforeining.

Har du spørsmål, kan du sende oss ein e-post på post@seljordkunst.no, så tek vi kontakt med deg så snart vi kan.

Hald deg oppdatera

følg oss på Instagram og facebook