Tilbake til alle arrangementer

Kurs i halmkrune med Mari Bryhni

  • Kunstlåven 4 Brøløsvegen Seljord, Telemark, 3840 Norway (kart)

Mellom himmel og halm - lag din eiga halmkrune

Bli med på kurs i halmsløyd på Kunstlåven i Seljord!

På kurset får du innføring i grunnleggande teknikkar innan halmsløyd, og du får lage di eiga halmkrune i tradisjonell stil, med element frå den historiske halmkruna frå Hovland i Hjartdal (1660–1700).

Halmkruner, også kalla himmeli, har vore i bruk i Norden langt attende i tid. Krunene er tradisjonsrike dekorasjonar laga av halm eller strå, gjerne rughalm. Dei vart hengde opp ved store høgtider som jul, men også brukt til festdagar som bryllaup, dåp og andre merkedagar.

Tid: 2. juli kl. 11.00–17.00
Stad: Kunstlåven i Seljord, inngang frå låvebrua
Pris: kr 1200 for medlemmer av Norges Husflidslag eller Seljord Kunstforening / kr 1500 for andre
Prisen inkluderer kurs og materialar.

Ta med: linjal, saks, kniv, blyant, forklede og niste.

Det er ikkje sikkert du får laga ferdig kruna denne dagen, men du lærer teknikkane slik at du kan gjere ferdig arbeidet heime.

Påmelding: Send e-post til husflid.seljord@gmail.com

Om kurshaldaren
Mari Bryhni er tradisjonshandverkar, husflidshandverkar og halmentusiast, busett på Løten. Ho har arbeidd med og vore interessert i halmarbeid i meir enn 50 år, og har lang erfaring som kurshaldar i faget.

Ho har gått fleire kurs i halmsløyd i Sverige, og har gjennom ei årrekkje produsert himmeli og halmdekorasjonar av ulikt slag for sal. I 2025 stod Mari for rekonstruksjonen av halmkruna frå Hovland i Hjartdal ved Telemark Museum, der det også vart halde kurs i teknikken.

Forrige
Forrige
1. juli

Opning av Sommarutstillinga 2026