Historia vår

Seljord kunstforening (SKF) vart stifta i 1968. Formålet femna vidt. Foreininga skulle både skipe til utstillingar av samtidskunst og arbeide for å styrkje og ta vare på ulike uttrykk innan handverk, musikk, dikting, segn og soge. Kunstforeninga har såleis vore ein viktig kulturberar for litteratur, musikk, bildande kunst og lokal kultur gjennom alle år med mindre utstillingar og kulturtilstellingar.

«Seljord kunstforening har henta byimpulsar til bygda, og sendt bygdeimpulsar til byane, for Sommarutstillinga har gjennom femti år blitt vitja like mykje av folk utanfrå Seljord som av seljordingar.»
— lokalhistoriewiki.no

Dei fyrste åra

Sigurd Telnes, rektor ved Seljord ungdomsskule, vart vald som fyrste leiar av foreninga. Alle somrar frå 1968 og fram til 1990, vart skulen omskapt til galleri for samtidskunst og utstillingsrom for bygdekunst og handverk. Sommarutstillinga var eit banebrytande grep for foreininga. For kulturlivet i Noreg var somrane på 1960-talet ei ferietid med få kulturtilbod. Utstillinga vart snart kjent av både kunstnarar og publikum langt utanfor Seljord. Gjennom året elles fekk ungdomsskuleelevane og - bygdefolket - høve til å oppleve kunst av dei fremste kunstnarane i landet. Blant anna ved samarbeid med Riksutstillingane og Folkeakademiet. 

Kunstsamlinga

Allereie frå skipingsåret i 1968 byrja arbeidet med å byggje opp ei fast kunstsamling. Samlinga tel i dag vel 550 nummer med måleri, grafikk og skulpturar; kjøpt inn frå kjende kunstnarar som har stilt ut hjå oss. Delar av samlinga er utlånt til kommunale bygg, så som skular og offentlege kontor.

Vi skipar også til utstillingar frå vår eiga samling med bestemte tema både i samband med kulturkveldar, men også til undervisningsbruk i ungdomsskulen. Alle seinare styre og leiarar av SKF har i stor grad arbeidd etter dei same retningslinene, men sjølvsagt med visse endringar over tid.

Kunstlåven

Kunstforeininga hadde gode vilkår i ungdomsskulebygget, men ønsket om eige bygg var sterkt. Då næraste nabo til ungdomsskulen, Seljord husmorskule, vart nedlagd, gjekk det berre eitt år før det vart skrive kontrakt mellom Telemark fylkeskommune og Seljord kunstforening om overtaking av driftsbygninga til husmorskulen. 

Kunstforeininga overtok tidlegare driftsbygning på Seljord husmorskule og revitaliserte ho under namnet Kunstlåven på 1990-talet. Romma har si opprinnelege form og har framleis same nemning, så som silo, hønsehus, grisehus, stall, høyrom osv. Kvart rom er unikt både i høve til utforming, storleik, lys og material. Det gir både utfordringar og moglegheiter, men ikkje minst eit stort særpreg som kunstnarane finn spanande å arbeide med og i.

Med støtte frå Norsk kulturråd, Telemark fylkeskommune, Seljord kommune, eigne midlar frå loppemarknad og sal av kunst og masse dugnadsarbeid makta kunstforeininga å oppgradere bygninga med toalett, kafé og kjøkken våren 2006. 

Ståa i dag

Seljord Kunstforening har gjennom åra stått bak ei stor mengd arrangement og utstillingar. Dei siste fem åra har foreininga særleg konsentrert seg om å skape ei god sommarutstilling og om å vidareutvikle og modernisere Kunstlåven, slik at bygget fungerer best mogleg til føremålet.

Gammalt nytt

I 2018 feira Seljord Kunstforening 50 år. Kunstlåven er eit unikt og særeige lokale, men eit slikt bygg krev også jamleg vedlikehald og tilpassing. Arbeidet med låven har vore eit pågåande prosjekt heilt sidan dei første utstillingane der tidleg på 1990-talet.

Frå 2023 har det blitt gjort eit omfattande arbeid med å ta vare på og oppgradere bygget. Låven er isolert, det er skifta kledning, sett inn nye vindauge og dører, reparert tak og utbetra anna forfall. I 2025 vart heile bygget måla. Alle rom har fått ny, energisparande belysning, og bygget har fått moderne brannsentral, alarmanlegg og energisparande varmepumper.

Målet har heile tida vore å ta vare på det særmerkte ved Kunstlåven, samstundes som lokala blir moderniserte og gode å bruke. At bygget blir halde ved like og tilpassa tida og behova, er ein viktig føresetnad for aktiviteten i foreininga. Arbeidet held fram i 2026, mellom anna med store planar for loftsalen øvst i bygget.

  • Ola Mo 2023–

    Tone Sætervang 2022–2023

    Dag Feldborg 2019–2022

    Philipp Dommen 2018–2019

    Jeanne Schoenwandt 2017–2018

    Torhild Grøstad 2015–2016

    Paul Sylwester Witczak 2014–2015

    Katrine Kildal 2012–2014

    Hilde Fjellheim 2011–2012

    Borghild Telnes 2009–2010

    Borgny Slettemoen Tøfte 2001–2008

    Esbjørn Humelgård 1996–2000

    Olav Kvalem 1995–1996

    Peder Fjågesund 1994–1995

    Kari Stokland 1993–1994

    Kjell Oskar Selman 1987–1992

    Trygve Barstad 1986–1987

    Sigurd Telnes 1968–1985

  • Det har vore fleire godt kjente kunstnarar som har stilt ut på Kunstlåven, inkludert:

    • Yoko Ono, 1999

    • Elisabeth von Krogh, 1997, 2013, 2025

    • Marianna Heske, 2000

    • Per Kleiva, 2000

    • Kari Steihaug, 2009, 2010

    • Sverre Malling, 2009

    • Paul McCarthy, 2013